Ei skulpturell og avgrensa form i tre utskoren for hand av eit enkeltståande emne. At skulpturen er
utarbeida i endeved gjer det heile til ei større utfordring i forhold til styrke og svakhet. Tre har
tallause eigenskapar, knapt noko anna material har tilsvarande. Utgangspunkta har difor vore å
utforska treet sine grenser, og overgangar mellom tradisjonell treskjærarkunst og skulpturell
utforming for å komma fram til eit eige uttrykk. Det heile bunde saman og halde oppe av røter,
greiner og stammar.